Løypekart
Vi ønsker å halde løypa så lik som mogleg, og løypa blir derfor tilnærma lik tidlegare år.
Med atterhald om endringar.
Drikkestasjonar, toalett og klesoppbevaring
Det er drikkestasjon i Bygdøy Allé (for 10-kilometeren) og på Karl Johan etter mål (10- og 5-kilometeren).
Vi set opp toalett som du får tilgang til før start og etter målgang. Nokre dagar før løpet legg vi inn kart for kvar dei er. Vi har ikkje toalett i løypa.
Klesoppbevaring blir i år i Universitetsgata. Kart kjem på nettsida vår. På startnummeret ditt finn du ein bagasjelapp som du kan feste på sekken/tinga din(e).
Startnummerutdeling, t-skjorte og namn på startnummer
Startnummerutdelinga finn stad i Teatersalen i Nynorskens hus, Rosenkrantz’ gate 8 i Oslo frå onsdag ettermiddag (19.04.) til og med løpsdagen.
Startnummera blir i år trykte på staden. Dersom du ønsker namnet ditt på startnummeret, må du ha registrert namn ved påmelding eller legge inn deltakarinformasjon på MI SIDE før du hentar startnummeret.
Alle deltakarar som har registrert at dei vil ha t-skjorte i påmeldinga, får den offisielle T-skjorta for ASICS Sentrumsløpet 2023 når dei hentar startnummeret sitt. T-skjorta er gratis. Vi kan ikkje garantere at alle får den storleiken dei ønsker, men gjer sjølvsagt vårt beste for at flest mogleg får den T-skjortestorleiken dei har oppgitt.
Endring av deltakarinfo
Dersom du ønsker å endre distanse, forventa sluttid, e-post, mobilnummer eller liknande, kan du gjere dette ved å logge inn på MI SIDE.
Om du vil gi bort eller selje startnummeret til nokon, kan du gjere det seinast 21. april klokka 23.59. Startavgifta til ASICS Sentrumsløpet er ikkje refunderbar. Du finn ei detaljert oversikt over korleis du gjer det på våre nettsider.
Lisens
Alle som fyller 13 år eller meir i 2023 som deltek i konkurransar i regi av ein friidrettsklubb i Noreg, må løyse lisens. For meir informasjon om lisens, kan du sjå på friidrettsforbundet sine nettsider Spørsmål som gjeld lisensordninga kan rettast til lisens@friidrett.no.
Behov for ledsagar
Viss du har behov for ledsagar, kan du sende ein e-post til sentrumslopet@bul.no. Vi ønsker å legge best mogleg til rette for at alle skal kunne delta på ASICS Sentrumsløpet og ledsagarar får sjølvsagt gratis start.
Overnatting og transport
Mange gater i Oslo blir stengde under ASICS Sentrumsløpet, men T-banen går som normalt. Sjekk ruter.no for nærmare informasjon.
Viss du treng ein stad å overnatte, anbefaler vi Hotell Bondeheimen. Dette hotellet ligg rett rundt hjørnet / i same bygg som startnummerutdelinga og berre eitt kvartal unna startområdet til løpet.
NB! Sjå https://sentrumslopet.no/generell-info/ for oppdatert informasjon.
Ofte stilte spørsmål
– Kan nokon andre hente startnummeret for meg?
Ja. Så lenge dei kan vise SMS eller e-post med startnummeret dei skal hente.
– Kor kan eg legge frå meg tinga mine?
Vi har klesoppbevaring i Universitetsgata. På startnummeret ditt finn du en bagasjelapp som du kan feste på sekken/tinga dine. For å kome inn til området må du vise til startnummeret ditt.
– Kan eg dusje nokon plass etter løpet?
Vi har dessverre ikkje noko dusjanlegg tilgjengeleg.
– Kor får eg t-skjorte?
T-skjorta får du når du har hentar startnummeret ditt i Expo som du finner i Rosenkrantz gate 8. Hugs at du må ha registrert i påmeldinga di at du ønsker t-skjorte.
– Kan eg hente startnummeret og t-skjorta før løpsdagen?
Ja. Vi opnar startnummerutdelinga onsdag ettermiddag kl. 16.00. Det er vidare ope torsdag og fredag mellom kl. 11.00 og kl. 19.30.
– Må eg ha lisens for å springa sentrumsløpet?
Ja, dette er forsikringa di i tilfelle noko skulle skje under løpet. Er du utøvar eller medlem av ein klubb kan du kjøpe heilårslisens og bruke denne.
– Eg har skada meg, kan eg få refundert/utsett påmeldinga?
Startavgifta til ASICS Sentrumsløpet er ikkje refunderbar, men du kan gi bort eller selje startnummeret ditt. Hugs at du må endre på deltakarinformasjonen inne MI SIDE til den som tar over startnummeret.
– Eg har skada meg, kan eg selje startnummeret mitt til andre?
Du kan gi bort eller selje startnummeret. Hugs at du må endre på deltakarinformasjonen inne MI SIDE til den som tar over startnummeret.
– Får eg namnet mitt på startnummeret?
Så lenge du har fylt ut deltakarinformasjonen din inne på MI SIDE vil du få namnet du har fylt inn.
– Kva er tidene til harane?
I år har vi for første gong harar. Tidene vi ønsker å få til er 40 min, 45 min, 50 min, 55 min og 60 min.
– Er der noko øvre og nedre aldersgrense?
Det er ingen øvre grense, men vi har en nedre grense på 10 km som er at du fyller 12 år i 2023 og at du fyller 10 år i 2023 for 5 km. Er du yngre, kan du springe Norlandia Sentrumsløpet for barn.
– Kan eg springe med barnevogn?
Du kan fint springe med barnevogn. Det kan vere lurt å stille seg bakarst i den puljen du skal springe, og du må vere obs på at ikkje vogna er i vegen for andre.
– Blir tidene lagt ut på nett?
Ja. Du finn resultatet ditt inne på nettsida vår.
– Pulsklokka mi viser ei anna tid enn resultatet. Kva gjer eg med det?
Pulsklokker eller tidtakingssystemet er ikkje alltid 100 % korrekt, men dersom du meiner tida di er heilt feil kan du ta kontakt med oss.