I Idrottslaget i BUL har vi ei gruppe som vi kallar BVT. Det står for Ball, Vatn og Trim, og er eit tilbod for menneske med utviklingshemming. Denne gruppa blei starta i 1981 og var den første fullintegrerte i sitt slag i eit idrettslag i Noreg.
Av ASICS Sentrumsløpet
BVT-gruppa stiller med ei gruppe frivillige på ASICS Sentrumsløpet og dei er nokre av våre mest dedikerte frivillige, som tar på seg ei av dei viktigaste oppgåvene på løpet: å sørge for at deltakarar får i seg drikke når dei kjem i mål.
Vi har tatt ein prat med Kjetil Myklebust, som er leiar for gruppa og ber han fortelje litt om tilbodet i BVT-gruppa.
– Vi har nyleg starta ei gruppe som heiter BUL UNG som er for menneske med utviklingshemming mellom 8 og 15 år. Dette fordi vi såg at det var etterspørsel etter eit slikt tilbod i Oslo. Vi sette i gang gruppa midt i pandemien, men det er no ein god stabil gjeng, som trener kvar onsdag. I tillegg har vi hatt fotball og handball heilt sidan BVT kom i gang. Her er det vel totalt 25 aktive no og eit spenn mellom 18 og 65 år. Det er ein fin gjeng, fortel han.
Alle inntektene frå ASICS Sentrumsløpet går tilbake til klubben. Vi spør Kjetil om korleis BVT-gruppa bruker midlane dei får frå ASICS Sentrumsløpet / klubben.
– Våre handball- og fotballag deltar i ligaspel og cupar, til dømes Landsturneringa, og då må vi ta buss, tog eller fly. I fjor var vi i Kristiansand, i år er det Lillehammer og neste år Bodø. Eit kostbart, men utruleg viktig og artig arrangement for denne gjengen som får ei heil helg med fotball/handball og bankett – det er minne for livet. I tillegg deltar vi på Vivil-lekene og andre sportsarrangement for personar med utviklingshemming. Det blir derfor ein del reise- og deltakarutgifter i løpet av eit år og med god støtte frå IL i BUL blir eigenandelen meir overkommeleg for utøvarane våre, seier Kjetil.
Vi er innom ei øving og får prate med BVT-medlem Anders Moholt, som fleire gonger har stilt som frivillig på ASICS Sentrumsløpet.
– Korleis vil du beskrive sentrumsløpsdagen?
– Det handlar jo om vatn då. Om å fylle koppar.
– Kor mange timar jobbar de?
– Det er ein lang dag, frå kl. 13 til 19 kanskje, så ganske mange timar.
– Synst du det er gøy?
– Det er veldig gøy og hyggelege folk.
– Har det skjedd nokre artige ting du vil fortelje om?
– Det var ein gong ein som spurte meg om å få øl i staden for vatn. «Det har eg ikkje», sa eg, «men rett over gata ligg Egon, så då kan du gå der og få øl».